I Blått blod er det Ingrid som er hovudperson. Ho er jenta i gjengen som har mest penger og basseng i hagen. Ingrid er sosial smart, utadvendt og når Blått blod startar har ho også den perfekte kjærasten som heile landet misunner henne.
Men, ganske kjapt finn ein ut at Ingrid slett ikkje har det så perfekt som det kan sjå ut som. Ho slit med foreldrenes forventningar og har også store problemer med å takle skulen.
Blått blod handlar om å velje og å velje vekk, det handlar om å finne kjærleik på uventa plasser og faktisk litt om yrkesfag.
Blått blod kom ut i november 2022, og er nominert til Uprisen! Altså kan Blått blod kan bli kåra til årets beste ungdomsbok. Kryss fingrane..!