Du er ikkje aleine om å bekymre deg!
Det er mykje å tenke på: Vennekranglar, karakterar, framtida.
I denne boka har eg intervjua unge menneske over heile landet om kva dei er redde for. Eg har delt historiane deira, og prøvd å forstå kvifor det er sånn. Ikkje minst prøver eg å finne ut om me BØR vere redde for desse tinga og kva som hjelper når tankane blir for store.
Denne boka er ei slags overlevelsesguide for unge mellom 12-18 år, men kan også lesast av vaksne som vil ha eit lite gløtt inn i ungdommens verd. Eg held foredag på ungdomstrinnet med denne boka, og det er alltid ekstra god stemning når bilete av edderkoppane kjem opp på storskjerm.
Andre tema som dukker opp her er TikTok, kjeldekritikk, psykisk helse, sosiale relasjoner og ikkje minst prestasjonsangst.
NRK kalta boka «et lyttende øre og en hjelpende hånd til alle unge som engster seg.»
Denne boka er tilgjengeleg på alle bibliotek, og kan også kjøpast f.eks her.