Eg og Randi skriv bøker ganske raskt, og prøver å gi ut to Halve kongeriket-bøker i året. Det gjer at me heile tida kan putte inn aktuelle tema i bøkene våre.
Då me skreiv På tronen hadde Black Lives Matter-rørsla ein stor oppsving i USA, og denne boka er blant anna inspirert av den. Ein annan ting me ofte gjer er å la oss inspirere av ekte karakterar, og kanskje kjenner du igjen nokon i denne boka?
I På tronen er det Tess som er hovudpersonen. Ho er influencer, og driv med beauty på TikTok og Youtube. Men, i starten av denne boka sprer det seg ein video kor ho er filma medan ho slår ned ein av landets mest kjente russeartistar. Kvifor i alle dagar gjer ho det? Plutseleg blir Tess hovudperson i ei antirasistisk rørsle og blir bedt med på debattar og må svare på spørsmål om rasisme og politikk.
Artisten ho slo ned derimot, han blir kansellert og opplever at alt kræsjer.
Denne boka kom ut i juni 2022 og er den tredje i serien.