Våren 2019 ga eg ut boka Stress og korleis leve med det.
Det er ein reisereportasje frå det norske stresset, og inneheld ni historiar og tretten tips om korleis leve godt med stress.
Boka vart omtalt i blant anna i A-magasinet, KK, Kamille, Stavanger Aftenblad, Bergensavisen, VG, God Morgen Norge, Nitimen og Tara.
Eg har vitja mange bibliotek, bedrifter, festivalar og sjukehus for å snakke om nettopp stress. Du kan lese meir om det her.
Her kan du lese meir om arbeidet og meldingar frå boka.
Denne boka var veldig givande å arbeide med, og eg tenker ofte på alt eg lærte under arbeidet. Å sove 25 minutter om dagen, være obs på faresignala og «hacke» kroppen er noko av det eg praktiserer nærast dagleg. Menneskemøta kjem eg helle aldri til å gløyme. Eg er så glad for at dei som stilte opp ville stille opp for meg og for boka.
Boka fins i pocket, og kan f.eks kjøpast her.
Den er også tilgjengeleg som lydbok på Fabel, og det er forfattaren sjølv som les (null stress, det!)